Tema: Fjøsbygg og i-mek

Danske råd om kalvingsavdelinger

«Indretning og smittebeskyttelse i kælvningsafdelingen» var tittelen på eit innlegg på Kvægkongres 2025 ved chefkonsulent Anja Juul Freudendal og kvægfagdyrlæge Malene Budde. hjå SEGES Innovation.

Inga Skretting Timpelen

Mjølkeprodusent

Frå venstre Malene Budde, Kvægfagdyrlæge og Anja Juul Freudendal, Chefkonsulent, begge Seges Innovation.

Foto: Inga Skretting Timpelen

Foredragshaldarane presenterte resultat frå forsøk med 40 drektige holsteinkyr. Forsøket byrja då kyrne var 2-3 veker før venta kalving og varte fram til og med kalving. Målet var å prøva ut ulike løysingar for oppstallling av høgdrektige kyr og kyr under kalving. Dei såg på åtferd under ulike arealforhold både i fellesgarde og i enkeltkalvingsgarde og såg i tillegg på kva kua ynskja av skjerming rundt kalving. Ut frå resultata har dei laga ein inspirasjonskatalog over kalvingsavdelingar.



Bakrunn for forsøket

Figur 1. Forsøket viste at kyrne som kalva i den minste kalvingsgarden på 13 m2 låg mindre avslappa enn dei som kalva i den største kalvingsgarden på 20 m2. Fleire kalvingar skjer inn mot vegg og det var mindre plass for personale. Bileta viser døme der ein kan sjå at kua i den minste kalvingsgarden ligg meir samantrykkt enn kua i den største kalvingsgarden. Det er eit teikn på at ho er mindre avslappa

Figur 2. Den eine skissa for organisering av kalvingsavdeling bestod av fleire slike gardar som denne på kvar side av eit forbrett. Kvar garde hadde port inn frå yttervegg for enkelt å kunna reinska ein garde om gonga. Kviger og kyr var planlagde kvar for seg. Det var ein slik garde 10 kyr gjekk saman i. ved kalving vart dei stengde inn i gardane som var ein del av fellesgarden, halvparten i den på 20 m2 og halvparten i den på 13 m2.

Figur 3. I forsøket tok dei først inn 5 kyr i fellesgarden på 121 m2. Her såg dei at kyrne ikkje brukte heile arealet, det var altså unødig romsleg med 24 m2 pr ku. Då dei tok inn 5 kyr til såg dei at kyrne fordelte seg utover i heile garden. Sjølv om det var god plass også til 10 kyr observerte dei meir uro enn med berre 5 kyr i form av kyr som reiste seg opp og la seg igjen. Dette på grunn av at det var fleire dyr som gjekk fram til forbrett, vatn eller kløkost og då uroa dei andre som låg.

Ei kalvingsavdeling må oppfylla krav både med tanke på dyra sine behov, arbeidsrutinar, lovverk og smittevern. Freudendal innleia med å gå gjennom dei viktigaste punkta;

  • Dyra treng eit stilt og roleg område i ei stabil gruppe. Det er forstyrrande om det kjem nye dyr inn i gruppa. Kviger og kyr bør vera skilt. Underlaget skal vera mjukt, tørt og sklisikkert. Det skal vera enkel tilgang til kvile, fôr, vatn og kløkostar og det skal alltid vera ein plass til kvar ku.

  • Bønder og tilsette er intervjua om forhold som gjeld arbeidsrutiner og god tryggleik. I intervjua kom det fram at moglegheit for hyppig tilsyn og godt overblikk over kyrne er viktig. Det skal være enkelt å fôra. Vidare skal det vera enkelt å halda garden tørr og enkelt å strø og reinska ut. Flytting og handtering av dyra skal kunna gjerast av ein person åleine, og det skal vera trygt.

  • Lovgjeving i Danmark seier at kyr skal kalva i enkeltkalvingsgarde. Det må vera minst fire kalvingsplassar pr.100 kyr, og av desse må minst to vera enkeltkalvingsgardar. Arealkravet for enkeltgardane er 12 m2 for stor rase og 10 m2 for Jersey. Fellesgardar for drektige kyr må ha 8 m2 /dyr for stor rase/ 6,8 m2 for Jersey (Norge: 8-10 m2 i enkeltbinger og 8 m2 per dyr i gruppebinger i henhold til retningelinjer for holdforskriften).

  • Smittevern: Kalvingsgarden er særs viktig med tanke på smittevern fordi kalvar er svært mottakelege for smitte. Tarmen hjå ein nyfødd kalv er ”holete”, det gjer risiko for at den tek opp smitte. Kalvar vert lett skitne og dei vil suga på kua og omgjevnadane. Inn mot kalving vert kyrne sitt immunsystem redusert. Dei er difor meir mottakelege for infeksjonar. Det same gjeld nykalva kyr. Kyr kan ôg vera høgutskiljarar av smittestoff rundt kalving. Korleis sikrar me då god smittebeskytting? Stikkord her er kapasitet, plass, seksjonering, hygiene og logistikk.

Det store dilemmaet rundt kalving er; kan me oppfylla alle behov og ynskje? Og ikkje minst, når skal kua flyttast til kalvingsgarden? Flyttar me kua for tidleg vil kalvingsgarden verta unødig skiten. Flytter me ho for seint inn kan kalvinga stoppa opp, eller kalvinga kan skje i fellesgarden.

Budde og Freudendal sine tilrådingar for kalvingsområdet - 1

Lag nok plass!

  • Enkeltkalvingsgarden bør vera minimum 14-16 m2 (Holstein)

  • Fellesgardar minimum 10-12 m2 per ku (Holstein)

  • Dess meir plass dess meir ro i gruppa

  • Område med eigne enkeltgardar gjev meir ro og reinare gardar.

  • Alternativet er eit område med felles- og enkeltgard

  • Kalvingsgarde bør vera mest mogleg kvadratisk for å unngå korte sidevegger

Uansett korleis ein vel å gjera det; enkeltkalvingsgarden skal brukast fordi kua ynskjer og treng den roen ho får der. Tenk gjennom korleis handtering og flytting av dyr kan skje trygt og korleis reingjering kan føregå på ein effektiv måte som også sikrar god hygiene og smitteforebygging.

Budde og Freudendal sine tilrådingar for kalvingsområdet - 2

Tenk i vekehold

  • Krev meir plass – men gjev kua ro

  • Sikrar betre smittebeskyttelse

  • Vil bety mindre grupper – og med det større overblikk

  • Ha heller ein ekstra garde, så du slepp blanding av dyr. Då slepp kyrne unødig stress.

Utprøving av kalvingsavdelingar

I eit forsøk på å oppfylla alle desse behova, ynskja og krava har Freudendal og Budde skissert ulike løysingar for korleis ei slik avdeling kan vera utforma. Noko av dette er prøvd ut på Foulum, Danmark sitt Kvægforskningssenter tilknytt Aarhus Universitetet. Det vart gjennomført eit forsøk med 40 kyr i åtte veker. Det vart brukt 5 + 5 kyr i kvar kalvingsavdeling og dei var med frå 2-3 veker før forventa kalving. Foredragshaldarane ynskja å få svar på følgjande spørsmål; Kva ynskjer kua rundt kalving når det gjeld plass og ro/avskjerming i tida rundt kalving. Dei såg også på kva som fungerte og ikkje når det gjaldt innreiing.

Kua som skal kalva vil vera for seg sjølv

Når Budde skal oppsummera forsøksresultata deira er det viktigaste spørsmålet kva som fungerer for kua. Ho fortel at dei praktiske forsøka viser tydeleg at kua som skal kalva vil vera for seg sjølv – ho søkjer eit stille område. Her er plass avgjerande. Kua stressar over for mange andre dyr rundt seg. Dette løyser ein best med oppdeling i grupper, der gruppene bør vera med så få dyr som mogleg. Me skal gje henne ro til kalving. Det får ho i enkeltgarden, men me må altså framleis ut og sleppa henne inn i garden. I kalvingsgarden skal kua kjenna at ho får vera for seg sjølv, men ho vil ikkje vera totalt isolert. Det beste er om ho kan velja sjølv om ho vil sjå dei andre dyra eller ikkje. Då er det best med tett vegg i noko av garden og opne grinder i resten. I fellesgarden for høgdrektige kyr fann dei at minstekravet til areal er for lite for å få nok liggetid og ro i gruppa.

Mykje å ta med til Norge

Sjølv om me har mindre buskapar i Noreg enn i Danmark er det mykje me kan ta med oss frå tankegangen deira i planlegging og bruk av kalvingsavdeling/kalvingsgardar.

  • Nok plass, lag heller ein garde for mykje enn ein for lite. Det er ei god investering for helse, produksjon og haldbarheit på kyrne å bruka litt ekstra på gjeldkyr/kalvingskyr.

  • Oppdeling i grupper slik at det ikkje kjem nye kyr inn i gruppa 'heile tida'. I praksis kan gruppa delast i to slik at dei som er nærast kalving får gå i ei stabil gruppe. Det kan òg gjera det enkare å tilpassa fôringa fram mot kalving.

  • Leggja til rette for å ha gjeldkyr og drektige kviger kvar for seg.

  • Djupstrø den siste tida før kalving og ved kalving. Kyrne skal altså ikkje liggja i ein garde med gummimatte med berre eit tynt lag spøne. I mange fjos er kalvingsgarden to liggebåser med spalter bak. I tillegg til å vera for hardt underlag hindrar båsskilja naturleg åtferd rundt kalving. Det er heller ikkje hygienisk for verken kalv eller ku.

  • Ta omsyn til at kua som skal kalva vil vera litt skjerma, men at ho likevel kan sjå dei andre kyrne viss ho vil. Det betyr at ein ikkje bør ha heilt opne grinder mellom kalvingsgarden og dei andre kyrne. Det betyr også at det heller ikkje er så lurt å planlegga at kua som skal kalva skal stå åleine i ei eiga avdeling til dømes i det gamle fjoset.

  • Plassering av kalvingsgarden i forhold til kor gjeldkyr og drektige kviger er for enkel flytting av kyr til kalvingsgarde slik at den vert brukt.

  • Leggja til rette for enkelt å strø og reinska ut gjennom til dømes stor port mot yttervegg.

  • Tilgang til mat og vatn og tilrettelegging for assistanse ved kalving og mjølking etter kalving.